Tveit was inhabited and cultivated into the 1970ies. The interior of the house has the original non-painted lumber walls. More than a hundred years of daily farm life has given glow and smoothness to the wood. The chimney is still the original made of grey stone and clay. The kichen floor has a tiny hole for the potatoes to pass into the cellar, and the hinges of the basement-hatch are made out of a horseshoe.
Vegen attmed Tveit går gjennom Songedalsdalen, under Liene og langs Sundsvatn til fjellgardane Skåli, Nordbø, Aslestad, Buine og Slystøyl.
Målarane Leiv Aslestad og Nikuls Buine er mellom dei store namna i norsk rosemåling (gullalderen 1790 -1850) og Nikuls er endåtil nemnd mellom dei største koloristane i norsk målarkunst.
Mellomalderloftet på Songedalstveiten er kanhende det eldste i landet, og i dei gamle tuna i Fjellgardane står fleire freda bur frå før 1640 i tillegg til mange bygningar som enno ikkje er tidfesta.
Moisesberg gruver ved Slystøyl frå 1541-49 er saman med Gullnes i Seljord det fyrste bergverket i Noreg og er sagt å vere dei eldste intakte gruvene i Europa. Kopargruvene i Mosnap ved Mjåvatn hadde hovuddrift på 1700-talet og var tilslutta Åmdals Verk (http://www.norway.com/directories/d_company.asp?lang=47&id=21186&h=1).
Langsmed Songedalsåa ser ein mange fløtingsmurar frå tida då vassvegane førte tømmeret sørover til Arendal. Fløtingsdammane ved Sundsvatn og Mjåvatn sikra stor vassføring under fløtinga om våren. http://www.treveven.no/leksikon/article.asp?Data_ID_Article=47&Data_ID_Channel=2
Kulturlandskapet i grenda er varig prega av kila stein som vart nytta til dammar, elvemurar og bygningsmurar frå midt på 1800-talet.