Velkomen

 

        Utleige

 

        Aktivitetar

 

        Historie

 

        Prisar

 

        Kontakt

 

        Lenker

 

 

 

rosemaling (kiste fra Laupedalen) (bilde)

 

 

Rose av Nikuls Buine

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Historie

 

 

Tveit vart rydda seint på 1800-talet og er den yngste av plassane under Tortveitgardane.

Dei andre plassane i Særsgrenda er Storeli, Lisleli, Brattekås, Kasine og Slettevoll.

Plassane med buskapar og storfamiliar prega lenge landskap og folkeliv i grenda.

Det var fast busetting på Tveit til innpå 1970-talet.

Lisleli og Tveit er i seinare år rydda på nytt, medan tuftene av dei andre plassane ligg gøymde i skogslia ovanfor Tveit.

Tveitstoga har originale umåla tømmerveggar. Meir enn hundre års ulik bruk har tona treverket i roma. 

Eldstaden og pipa er i gråstein og leire frå då stoga vart sett opp. I kjøkkengolvet attmed vedkomfyren  er det eige hol til jordepla, og kjellarlemen har hengsler av ein kløyvd hestesko.

 

Vegen attmed Tveit går gjennom Songedalsdalen, under Liene og langs Sundsvatn til fjellgardane Skåli, Nordbø, Aslestad, Buine og Slystøyl.

Målarane Leiv Aslestad  og Nikuls Buine er mellom dei store namna i norsk rosemåling (gullalderen 1790 -1850) og Nikuls er endåtil nemnd mellom dei største koloristane i norsk målarkunst.

Mellomalderloftet på Songedalstveiten er kanhende det eldste i landet, og i dei gamle tuna i Fjellgardane står fleire freda bur frå før 1640 i tillegg til mange bygningar som enno ikkje er tidfesta. 

Moisesberg gruver ved Slystøyl frå 1541-49 er saman med Gullnes i Seljord det fyrste bergverket i Noreg og er sagt å vere dei eldste intakte gruvene i Europa. Kopargruvene i Mosnap ved Mjåvatn hadde hovuddrift på 1700-talet og var tilslutta Åmdals Verk (http://www.norway.com/directories/d_company.asp?lang=47&id=21186&h=1).

 

Langsmed Songedalsåa ser ein mange fløtingsmurar frå tida då vassvegane førte tømmeret sørover til Arendal. Fløtingsdammane ved Sundsvatn og Mjåvatn sikra stor vassføring under fløtinga om våren.  http://www.treveven.no/leksikon/article.asp?Data_ID_Article=47&Data_ID_Channel=2

Kulturlandskapet i grenda er varig prega av kila stein som vart nytta til dammar, elvemurar og bygningsmurar frå midt på 1800-talet.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tortveit © 2010

www.tortveit.no